Overnatting på Loftsgardstunet i Rauland
Loftsgardstunet ligg idyllisk til på Rauland i Vinje.
Låven stod på Loftsgarden i Vå - eit middelaldertun der alle hus vart selde, flytt og sett opp att andre stadar på Rauland. Låven vart flytt og bygd opp att hjå Petter C. Omtvedt, og fyrst brukt som treskjerarversktad og utstillinglokale. Noverande eigar restaurerte Låven til bustad, og fekk såleis attende låven frå sine forfedrar. Loftsgardslåven er ein unik bygning, og i delar av den er det brukt tømmer frå ei gamal årestoge frå 1500-talet.
Låven er varsamt restaurert, men gamal arkitetur i fin ballanse med moderne fasilitetar, og kan kortidsleigast gjennom Airbnb.

