Om Edvin Loftsgarden og treskjerarverkstaden
Edvin Loftsgarden er frå den vakre fjellbygda Rauland, og har verkstad der han produserar museumskopiar. Museumskopiane som blir presentert på denne heimesida er nøyaktige reproduksjonar av gjenstandar frå gamal og nyare tid. Kopiane blir grovfrest på maskin og finskore for hand, og kvar figur blir difor heilt unik. Gjenstandane er uttrykk for det ypperste i kunstnerisk produksjon til dei ulike tider, og blir laga i tre som blir beisa og voksa. Kopiane frå Osebergskipet og løva frå gamle Vinje stavkyrkje blir produsert med eksklusiv einerett frå Universitetets Kulturhistoriske Museer, Oldsaksamlinga. Desse kopiane er også til sals i museumsbutikkane på Vikingskiphuset og Historisk museum i Oslo.
Film av Ingrid Loftsgarden
VERKSTADEN
Petter C. Omtvedt (1934-2021) etablerte i byrjinga av 1970-talet ein verkstad for å lage kopiar av treskulptur frå norsk vikingtid og middelalder. Verkstaden hadde på det meste 5-6 tilsette, og vart bygd opp og utvida i fleire trinn. Den vart i 1999 seld til Edvin Loftsgarden, som framleis lagar mange av dei same figurane. Verkstaden har i dag både møbel- og figurproduksjon. Alle figurane er utstilt i verkstaden, og kan sjåast etter avtale.
