Vinjeløva fra Loftsgarden

Vinjeløva

Løvefigur frå gamle Vinje stavkyrkje

Vinje stavkyrkje vart bygd i andre halvdel av 1100 talet, og riven i 1796. Løvefiguren som avslutta kapitelet på ein inngangsstolpe, og to trestykke med rune-innskriftar er det einaste som no er att. Dei er å finne i Universitetets Oldsaksamling, Historisk Museum i Oslo. Dei mest interessante rune-innskriftene er frå ca. 1185, og lyder: “Sigurd Jarlson ristet disse runer lørdagen etter Bottolfsmesse da han var flyktet hit og ikke ville gå til forlik med Sverre, sin fars og sine brødres bane”. Sverre i teksten er identisk med Kong Sverre. Sigurd var son av Erling Skakke og halvbror av Magnus Erlingson.
Løvefiguren er eit vernesymbol, og syner at overtru frå gamal tid var framleis eksisterte, også i gudshuset.

2 900,00 kr

Figuren blir laga i furu. Høgde 57 cm. Bredde 22 cm.

For pris og bestilling ta kontakt med Edvin Loftsgarden på telefon 90787222 eller e-post edvinloftsgarden@outlook.com